Waver, 31. mai kl. 21:00
WAVER slepper samleutgjevinga «Storebø Rock Vol 1» – tilgjengeleg på alle strøymingsplattformer 23. mai
Det legendariske bandet Waver frå Austevoll markerer eit gledeleg comeback med utgjevinga av Storebø Rock Vol 1, ei samling remastra låtar frå bandets tidlege år. Samleutgjevinga blir tilgjengeleg på alle digitale strøymingstenester 23. mai.
Waver gjorde seg bemerka tidleg på 2000-talet med sin særeigne blanding av bråkete pop og melodisterk rock, og blei omtalt som «Bob Hunds vestlandske fetter». No får både gamle og nye fans moglegheita til å gjenoppdaga bandets energi og låtskrivarunst i ny drakt.
Albumet samlar høgdepunkt frå bandets katalog, inkludert fleire låtar som tidlegare berre har vore tilgjengeleg i fysiske format. Utgjevinga er eit tidsbilete frå ein uredd og kreativ periode i vestnorsk rockehistorie – og eit varmt gjensyn med eit band som framleis har mykje å gje.
Waver består av: Bjarte Haugland, Jo Magnar Drønen, Geir Huse, Nils Are Drønen og Tarjei Alvær Heggernes.
Samtidig med utgjevinga gjer bandet seg klare for å spele saman igjen for første gong sidan 2012 i teltet på Casa Mia laurdag 31 mai.
kr 300,00
På lager

